søndag 13. januar 2008

Du er atterløyst av Gud!

I dag les me i Jes. 43, 1.

(Denne teksten står og under Esaja-bloggen.)

Her er nokre gode velsigna ord for eit menneske. Det er Herren sjølv som talar til Israel. Han er Gud og ingen annan, kap. 43,10-13. Dei trong dette og fekk hjelp av det. Han var dei utløysar, jfr. Kap. 47, 4: Utløysaren vår, namnet han ser Herren, Allhærs Gud. Han er skapar av heile universet.

Og nå kjem ordet til oss. Me treng slike ord. Og alt Guds ord er til alt folket. Me kan ofte verta redde, og i den usikre verda nå er det grunn til det, menneskeleg sett. Her er krig og uro og død og vilkanutbrot og terrorisme. Kva kan eit stakkars vanleg lite menneske gjera med det?

Og så har me ein heilag Gud. Ein som ikkje tåler synd og urett. Ser me inn i vårt eige liv, finn me straks mykje av det. Synda finest i alle små krokar av hjartelivet vårt. Me treng ikkje gå til Bin-Laden og Al-Qaida for å møta synda. Den har me djupt i vår eigen barm.

Dei fleste menneske rømer bort frå synda og Gud. Dei trur dei har lukkast. Diktaren Arne Garborg som vert hylla i vår tid, sa ein gong: ”Skulle eg vera glad, måtte eg gløyma Gud.” Men frå den allmektige Gud kan ingen røma. Difor er det betre å lytta til det sjølve Skaparen seier i dag.

Han seier: Ver ikkje redd. Det finn me om lag 365 gonger i Skrifta, ein gong for kvar dag. Og det lyder til kvar ein som lyttar til Ordet hans.

Redningen vår er å høyra bodskapen frå Gud og fylgja han. Og det Gud seier, er nett om det han sjølv har gjort. Tru det, og du blir løyst frå otten og redsla. Den bodskapen kan gjera deg glad og fri og frelst. Utan å ta imot, går du fortapt. Det er berre dei to vegane.

Kva seier Gud nå?

1. Eg har løyst deg ut.

Å løysa ut er å betala prisen, ta straffa for andre. Og det er Guds store under. Han sende sonen til jorda, han gjekk til krossen friviljug og døydde. Det gjorde han av di me alle var dyrebare (kostesam) for han, v. 4.

Han betalte ein høg pris for å løysa ut syndarar. Me var bundne og måtte setjast fri. Kva vart me løyst frå?

a) Frå syndeskulda. Jesu blod betalte vår gjeld. Han vart ei soning for syndene våre. Kvart øre vart betalt. Difor kan det står: De er dyrt kjøpte. 1. Kor. 6, 20. Prisen er betalt, og du er fri. Prisen var Jesu blod. Han vart såra for synda vår og knust i dommen. Nå kan me berre ta imot.

b) Frå syndebørda. Samvitet vårt kan ha tunge børder som tyngjer oss ned. Jesus vil løysa deg frå det og visa deg at synda di er oppgjort. Du treng ikkje lenger lytta til samvitet over det som var når du har vore hjå Jesus med det. Då har du fred. Det kan vera tungt å tenkja på livet sitt, alt det gale me gjorde og det burde ha gjort som ligg ugjort etter oss. Angst og otte kan fylla sjela. – Ei av Jesu oppgåver var nett å løysa oss ut or dette, Hebr. 2, 15.

c) Frå syndedommen. På Golgata blei Jesus dømt i vår stad. Når du trur og tek imot Jesus, tek du og imot den fridommen som vart kjøpt på Golgata. Då er det sant om deg og: Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus, Rom. 8, 1. For den truande har då alt vore i domens dag. – Ei anna sak er at verda skal møta fram for Gud og gjera rekneskap for han. Op. 20.. Dommen kviler framleis over dei ufrelste.

Har har gjort det, står det. ”Jeg tilflukt hos Jesus har funnet.”

2. Gud har kalla deg, v. 1 og 26.

Han kjenner deg godt, og har kalla deg ved namn. Du blir beden om eit oppgjer, sjå kap. 1, 18. Det tyder ikkje at Gud ber deg om å betala for synda eller gjera det godt att. Det kan du ikkje. Men han ber oss alle om å erkjenna og vedkjenna oss synda i alle former og ved det rette namnet på synda. Du skal ikkje fuska for Gud, men leggja alt ope fram og seia: Det er mi skuld alt saman.

Det er slik dei har gjort det alle som vart frelste. Dei såg det var nåde å få koma og sang i etterkant: ”Slik som eg var kom eg til Gud og fann heim att til Far.” Eller slik: ”Nåde at han fant meg, kjærlighet som vant meg, nåde at han bar meg til sin fold.” Jfr. V. 25.

3. Då lyder det: Du er min.

Herren kallar deg sitt barn. Det er ei erklæring frå Gud. Me er hans eigedom. Johannes har sett det. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å bli Guds barn, Joh. 11, 12. Slik tek han imot oss. I eit brev skriv den same Johannes slik: Nå er me Guds born, 1. Joh. 3, 2. Det er stort å leva slik. Songaren seier det og: ”Det er det noe å være barn av Gud, den evige Fader…”

4. Han er med oss.

I v. 2 står det: Når du går gjennom vatn, elvar eller eld. Han seier ikkje: Om du gjer det. Nei, du må rekna med at det kjem motgang. Lat oss hugsa at me har mange store og sterke fiendar her i verda. Men hjå Jesus er du trygg. I kap. 45, 2 seier han: Eg vil gå føre deg. Du vil aldri gå eit steg utan at Jesus har vore der før og jamna vegen. I kap. 43, 5 seier han rett ut: Eg er med deg. Ta imot det ordet i dag – og takka. Du har han ved sida di nett nå. Amen.

Ingen kommentarer: