lørdag 30. juni 2007

Den trygge hunden

Ei gammal enkje vart ståande å sjå på ein liten hund som gjekk ved sida av herren sin. Han gjekk så trygt der. Om nokre ungar prøvde å kaste stein på han, var herren hans ved sida og forsvarte han og jaga dei bort.

Då tenkte ho og sa halvhøgt: Slik er det med meg og. Om eg berre er ein liten hund, så tek Gud seg av meg. Men eg er jo mykje meir enn ein hund. Eg er Guds barn. Det som rammar meg, vedkjem også han. Eg har jo kome inn under ditt tak og du har ansvar for meg.

Slik kan ein kristen kjenna seg trygg, sjølv om det er utrygt i verda.
(Etter Laurits Nilsen: Livets Brød i Dødens Verden. 1919.)

Ingen kommentarer: