mandag 28. januar 2008

Den trøytte får kraft !

Jes. 40, 28-31.

Desse orda er tala til truande. Det er gode ord for dei som treng det særskilt, i tunge motgangstider. Men ordet i v. 28 høver nok på mange som slit: Veit du det ikkje, og har du ikkje høyrt det? Sorg og motgang vert som eit stengsel for det Gud har sagt. Det dreg eit teppe over Guds ord og lovnader.

Profeten får vera ei røyst frå himmelen som minner folket i trengsel om dette. Gud er ein evig Gud, skaparguden som har all makt i si hand. Her får han ein mektig attest: Han blir ikkje trøytt – det motsette av vår oppleving. Men av di han er skapargud, veit han alt om oss og kjenner våre svake sider. Det er difor han kan hjelpa.

Nå seier profeten med sigerstone og triumf: Han kan hjelpa deg!

Me kan bli trøytte og slitne, det er menneskeleg. Me er nokre gonger trøytte av oss sjølve – og av andre menneske. Det slit på oss, og me slit på oss sjølve. Me kan verta slitna i arbeidet for Gud og føla at alt går imot.

Grunnane kan vera mange. Synda i alle former gjer noko med oss. Ulydnad mot Gud er ikkje lett i lengda. Og vanleg arbeid kan slita så mykje at det ikkje vert overskot eller resursar til åndeleg stille og tid for Gud. Ja, til og med lediggang er av det vonde ved at den skaper livslede med tankar om at livet ikkje er verd å leva. Dårleg økonomi gjer det same.

Då er vegen kort til dødstanken og fortviling. Profeten Elia hadde det slik ein gong, 1. Kong. 19, 4. – Då er det viktig å gå rett veg, og ikkje gjera noko i hast. Det ber ofte galt av stad.

Då seier Guds ord her: Dei som ventar på Herren…. Der ligg løysinga. For då set du di lit til Gud og går ikkje utanom han. Å venta lenge kan vera vanskeleg, det krev tålmod. Det er likevel Guds veg. Der vil han ofte læra oss noko som me elles ikkje kunne læra og skjøna.

Og dei får ny kraft! Du opplever at Gud er med deg – på ein måte som aldri har visst før. For Gud kjem alltid med hjelp i sin time. Og det er alltid rett tid.

Dei lyfter vingene, står det. Gud syner deg sin himmel og sin krans, og at du har ein plass der. Du får tilgjeving for alle synder, og mot til å halda fram på vegen. Og krafta i det motet er at Han sjølv er med kvar stund og time. Du er aldri åleine på vegen. Det ligg kraft gøymt i det ordet. Gud signe deg som slit, til å kasta børda av på Jesus, som ordet gjev oss løyve til. 1. Pet. 5, 7 og Salme 55, 23.

Ingen kommentarer: