torsdag 24. mai 2007

Ein tiggar

Ein kunstnar skulle laga eit bilete av "den fortapte sonen" i Luk. 15. Ein dag traff han ein tiggar på gata kledd i fillete, skitne klær. Kunstnaren bad han koma til atelieret sitt neste dag, så skulle han mala bilete av han.

Neste dag kom tiggaren, kledd i nye klær, barbert og frisert. Då sa malaren: "Nå kan eg ikkje bruka deg. Du må koma som ein tiggar, slik du i røynda er."

Slik er det. Me skal ikkje pynta på oss når me kjem til Jesus. Då kan han ikkje gjera noko for oss. Me må koma slik me i røynda er - som fortapte syndarar som treng nåde for alt.

Ingen kommentarer: